Thursday, February 22, 2007

Ikke statuer, ikke dildoer, men tomter til en halv milliard.

Vyrde Lesar.

I selges alt på nett. Frp representant solgte historiske ting fra Nazitiden i Tyskland, Høires representant selger kondomeristoff. Det er snart bare Stadioner og indrefilettomter som deles ut av eget forgodtbefinnende i Sarpsborg nå. Kanskje felleskapets verdier, kommunens tomter og andre eiendommer også burde legges ut for salg, ikke gies billig bort til de noen liker trynet på ? Og som lover å følge betongplanen.

Jeg har ikke tilgang til SA- Det blir derfor lite tilgang til lokal inspirasjon siden jeg ikke har elektronisk tilgang til SA. Derfor denne kronikken fra Aftenposten av Kristian Fossheim, Professor Dr. Philos, Institutt for fysikk, NTNU.

Må vi hjelpe ekstreme talent?
SPORT OG VITSKAP. Like sikkert som det er at vårt vesle land fostrar eit stort antal skitalent som når heilt i verdstoppen, like sikkert er det at vi har like mange talent på det intellektuelle området, musikk og vitskap. Men kva gjer vi for å utvikle dei talenta?
KRISTIAN FOSSHEIM, Professor dr. philos. Institutt for fysikk, NTNU(Først publisert: 20.02.07 Oppdatert: 20.02.07 kl. 00:01)Siste 100 artiklerAnnonse
Les merMeningerKronikkerForsidenSiste 100
NRK TV prøvde i haust, prisverdig nok, å ta opp ein debatt omkring nordmenns største paradoks innan utdanningssektoren: At nær sagt alle synes å meine at idrettstalent bør få statleg hjelp til å utvikle seg gjennom idrettsgymnas og toppidrettssenter, mens det samtidig er politisk ukorrekt i vide krinsar å gje talent med spesiell intellektuell utrustning ei liknande oppfølging.

Korleis vi kan leve med denne motsetnaden er ei gåte for mange. Få ser ut til å spørje kva vi taper på det.

Ekstreme prestasjonar.

Leiaren for eit av våre toppidrettsgymnas uttalte i same debatten at toppidrett dreier seg om ekstreme prestasjonar. Akkurat det er svært viktig å få med seg. Det dreier seg ikkje om å bli litt flinkare enn resten, nei det handlar om å bli ekstremt god. Kva dette vil seie, ser vi kanskje ingen stad betre enn nettopp i idretten.

Det er ekstremt talent og ekstreme prestasjonar vi snakkar om når Anders Jacobsen hoppar bakkane ned og vinn Hoppveka i sin debut. Eller når 16 år gamle Magnus Carlsen kjem inn blant verdas 25 beste sjakkspelarar. Korleis desse to kom til dette nivået, er vel verd å tenkje over. Vi veit nok alle svaret: Dei fekk god og kontinuerleg personleg oppfølging gjennom heile oppveksten.

Oppvekst og inspirasjon.

For nokre år sidan gjennomførde eg ein samtalerunde med 10 Nobel-prisvinnarar i fysikk i samband med eit bokprosjekt. Eg spurde alle om deira oppvekst og inspirasjon. Russaren Alexei Abrikosov hadde alt som 10-11-åring to store draumar: Å bli teken opp som medlem i Royal Society i London, og å få Nobelprisen i fysikk. Royal Society er verdas eldste og mest eksklusive lærde selskap, der Isaac Newton var president, og slike som Michael Faraday og Charles Darwin var medlemer. Nobelprisen var sjølvsagt enda meir uoppnåeleg. Han visste, sa han, at alt dette var heilt urealistisk og uoppnåeleg. Men då vi møttest, hadde han oppnådd begge deler!

Krevjande opptaksprøve.

Abrikosov var naturlegvis svært talentfull, særleg i matematikk, og var heldig nok til å ha ein far som kunne setje han i kontakt med den mest berømte forskaren i Moskva, fysikaren Pjotr Kapitsa, ennå mens Abrikosov var ein gutunge. Guten gjekk deretter sjølv til den store Lev Landau og bad om å få bli hans elev.

Unge Alexei vart vel motteken og kunne etter eit par år ta Landaus spesielle, svært krevjande opptaksprøve, kalla "Det teoretiske minimum", som 17-åring. Modne doktorgradskandiatar i teoretisk fysikk ville den dag i dag få brynt seg, for denne prøven var ein stor styrkeprøve å komme gjennom. Som 17-åring var han dermed medlem av verdas beste skole i teoretisk fysikk. Det gav resultat som forsking og medisin verda over har hatt glede av i 50 år etter.

Personleg oppfølging.

Kva er nøkkelen til slik suksess? Eit fellestrekk ved prisvinnarane var nettopp at dei alt tidleg hadde vitskapleg og teknisk interesse. Det som oftast viser seg med dei aller beste, dei ekstremt dyktige, er at dei, som Abrikosov, fekk ei personleg oppfølging gjennom oppveksten. Dette løyste ut deira talent og heldt ved like deira interesse for naturvitskap.

Vår verdsberømte landsmann Lars Onsager, som framleis er mest ukjend i heimlandet, er eit anna eksempel. Han fekk spesialundervisning i heimen. Resultatet var at han alt som 16-åring var moden for opptak ved Norges tekniske høgskole, og som 21-åring ein fullverdig forskar. Han gjorde fleire arbeid som fortente Nobelpris, og det var nærast tilfeldig at han fekk kjemiprisen i staden for fysikkprisen.

Forsynt verda med talent.

Mens Abrikosov var heldig med at familie og vener forstod å hjelpe han fram, var der andre talent i Moskva, særleg i matematikk, som vart tekne vare på i ein dugnadsinnsats av etablerte forskarar. Så har då også den russiske skolen innan teoretisk fysikk forsynt heile verda med talent, særleg etter at den kalde krigen var over. Sjølv under Stalin-tida var det lov å dyrke fram talent i Moskva!

Skal vi behandle våre barn og ungdomar på ein demokratisk måte, betyr det å gje alle like sjansar til å utvikle seg. Alt anna er grunnleggjande udemokratisk. Då må vi også innrømme at vi har ei stor og uløyst oppgåve når det gjeld barn og heilt unge som viser uvanlege intellektuelle evner.

Norsk musikk unntaket.

Likevel finst det unntak. Norsk musikk sitt høge internasjonale nivå i dag kan i stor grad forklarast med den personlege oppfølging elevane får i kunst- og kulturskolar landet rundt, gjennom heile oppveksten.

I Trondheim innførde Kåre Opdal Lørdagsskolen som tek hand om dei aller mest talentfulle. Så har det då også skapt TrondheimSolistene, eit kammerorkester som fiolingeniet Anne Sofie Mutter har valt til å turnere verda rundt med. Verdseinarar som pianisten Leif Ove Andsnes og cellisten Truls Mørk ville
sjølvsagt heller ikkje ha vore der dei er utan ei personleg oppfølging gjennom heile oppveksten. Barratt-Dues Institutt i Oslo er ein institusjon som stadig dyrkar fram talenta. Ville Norge vere eit betre land om dette ikkje hadde skjedd? Bør ikkje desse eksempla mane til ettertanke?

Intellektuelle talent.

For like sikkert som det er at vårt vesle land fostrar eit stort antal skitalent som når heilt i verdstoppen, like sikkert er det at vi har like mange talent på det intellektuelle området, og at mykje fleire kunne nå verdstoppen enn dei som faktisk gjer det. Nobelprisen innan naturvitskap kan vi trygt ta som målestokk for suksess på det akademiske området.

Der har Norge fostra berre eitt einaste individ som har utført sitt arbeid i Norge, Odd Hassel i kjemi. Vi rosar oss rett nok av at både fysikaren Ivar Giaever og det matematisk-naturvitskaplege universalgeniet Lars Onsager fekk Nobel-prisar. Men begge desse gjorde arbeidet i USA etter å ha teke sivilingeniørutdanning ved Norges tekniske høgskole i Trondheim.

Ungdommeleg entusiasme.

Så vil kanskje nokon spørje om det ikkje ville vere best å la intellektet kvile seg litt i ungdomen, for så å ta sterkare i seinare. Eg trur det er tapt tid, og tapt ungdommeleg entusiasme og pågangsmot. Innan matematikk er det velkjent at dei beste ideane kjem i relativt ung alder. Vi kan til dømes tenkje på vår eigen Niels Henrik Abel som berre rakk å fylle 26 år. Alt i gymnastida var han ein ivrig lesar av matematikk på vitskapleg nivå, mykje takka vere ein lærar som såg talentet og gav han spesiell oppfølging.

Verdi av talent og kunnskap.

Norsk industri og næringsliv er i dag bekymra for rekruttering i naturfag og matematikk, med god grunn. Statoil har eit eige program for å hente inn dei beste talenta, etter utdanning rett nok. Men det har ein tydeleg signaleffekt når ei ung kvinne står fram i heilsides Statoil-annonser og fortel at hennar kunnskap har vist seg å vere verd 10 milliardar. Det seier noko om verdien av talent og kunnskap når begge deler blir tatt vare på.

Eit håp.

Enkelte lyspunkt kan ein spore på barnestadiet og: I eit didaktikk-samarbeid mellom NTNU og Sunnland ungdomsskole i Trondheim prøver ein for første gong ut metodar for å ta seg av elevar med gode faglege anlegg. Ser vi eit lite håp om ein skule som i eigentleg forstand kan bli meir sant demokratisk?

0 comments:

Post a Comment

 
Design by Free WordPress Themes | Bloggerized by Lasantha - Premium Blogger Themes | cheap international calls