Sunday, February 11, 2007

Reprise

Vyrde Lesar.

I blir det fortsatt bompengeskatt på den nedbetalte Svinesundsbrua. Og ei reprise.

Plutseleg går dei store portane opp, og ut frå Rådhusborgen kjem ein riddar
til hest. På den store kvite hingsten Apskjelve sit ikkje kvensomhelst! Her
sit Ordførarriddaren! I blinkande blank rustning sit han der. Så dreg han i
tøylane, hingsten reiser seg på bakbeina og virilinskar. Ordførarriddaren
dreg sverdet sitt, Ragnarrok, mens han hilser sitt Rådhusfolk. Så utgyder
han i eit fælsleg brøl og setter av garde. Han skal redde dei gamle og
sjuke frå Rådmannstrollet. Det veldige Rådmannstrollet, med to hoder, fire
armar, åtte bein og tolv manns skattemne. Rådmannstrollets hovuder peikar i
kvar sin retning, eitt bakut mot Apgjengen han forlot for mange år sidan,
og eitt framåt mot nye store skattar. Eller gebyr som det heitter på
Rådmannstrollspråk. Heile Sarpsborg skakar som under raset på Borregaard i
1702, då heile byen gjekk i elva. Folk held seg fast i kvarandre så knokane
kvitnar, nokon ropar på Marx, men endåtil er dei nøgde. No skal
Rådmannstrollet få!

På den store grøne flata ved Valaskjold gard treff Ordførarriddaren det
yslege Rådmannstrollet. Ikkje på Niflheim, men her på Alfheim. Her har
Alvar, kongar, troll og jotner kappa hovuda av kvarandre sida den kalde
kvite isen ble pressa nordover av rein Tuningvilje. Her har de store slaga
stått. Blod har farga skyene raude her nede, hovuder i titusentall har
rulla ned mot viken i Sannesund, der hvor dei første vikingane våga seg i
land etter å ha blitt banka livskiten ut av lenger nede i elva, på Greåker
som det kallast no. Her, på den grønne flate sletta, rant blod og innvollar
i strie strømmar, men det blir blåbær ( Vaccinium myrtillus, Lyngfamilien.
Dei gir oss betre blodomløp, penare hud, mindre kolesterol, fleire
anitoksydantar, styrkar blodkara og reparerer bindevev. Dei forebyggjer
kreft, hjartesvikt og hjernesjukdommar .. seier dei som et mykje av dei.
Til dømes min venninde Liv som påstår at hun er over nitti, men eg lar meg
ikkje lure), men det blir som sagt blåbær, mot den kampen det no byggjer
seg opp mot. Vil byens vollar stå etter dette lokale Kurskslaget, vil Glåma
igjen få sitt raude offer, vil drosjene forsatt gå, korleis vil det gå med
Cellulla (vel ...)..

Så barkar dei i hopes. Ordførarriddaren deler det æslege Rådmannstrollet i
to med eitt kjempehogg. Ragnarrok fargast rødt av trollets blod, invollar
sprutar heilt til gamle kongeveg, men kva skjer ? O hildrande du, begge dei
to Rådmannstrollhalvdelane velgjer å kjempe vidare, og ikkje nok med det,
det veks ut eit NYTT hovud på kvar av halvpartane, store klør veks fram på
Rådmannstrollets fingrar og huden blir til panserhud. Då lyser eit
stjernerap opp himmelen og begge kamphanane (kykkeliky) blir ståande og
gape over dette underet, mens dei speidar etter sauer ( hugs det er snart
jol !!). Og ei røst lyder :"Eld han tarv, som inn er komen, og om kne
kulsar. Til mat og klede, den mann hev trong, som hev i fjell fari."

Dei får beggje to ysleg angst. Det er som eit Fr Par (eller mogleg ein
FrP'ar - om dette seier soga lite) skulle rette sitt stålblikk mot dei og
seie at dei juksar. Men SO ille er det ikkje ! Ein liten stakkar med grå
pose på ryggen står borte med Store Stå. Han seier at han heiter Espen
Askeland. Ut or ryggsekkjen sin dreg han eit gamalt nummer av Sarpsborg
Arbeiderblad. Dei tre slåsskjempene på grasmatta har stanna heilt opp der
dei står til knes i avkappa armar, hoder og innvollar (som eit heilt vanleg
PC-spill ) og ser fruktansvårt sjemskt på kvarandre. KVA SKAL HAN MED DEN
BODSTIKKA undrast dei (og dei undrast så mykje at eg må SKRIVKE at dei
undrast, dvs bruke store bokstavar). "Bi litt ! Er ikkje det deg?", seier
Espen Askeland lågt, mens han peikar på eit bilete i avisa. Jau,
Ordførarriddaren må vedgå det. Det er hans bilete som stend i bodstikka.
"Og kva har du lova i denne artikkelen då ?", spøyr Espen. Jau, der har
Ordførarriddaren lova Rådhusfolket sitt at han aldri skal innføre noko som
heitter Konkurranseutsetjing. Konkurranseutsetjing er som alle veit, det
største av alle store og fælslege troll. "Men når du har lova det, så vil
jo ikkje prisane gå ned", seier Espen Askeland. "Med monopol og ingen
konkurranse så blir jo alt dyrare. Det veit jo alle som har sugd viten på
dei store skolane dei skryter så fælsleg av på Tinget i Viken". Med det
same går månen opp, og sjekketimen børjar på Dickens. Dei tre slåsshanane
tek kvarandre sjelmsk i lankane og luskar skamfulle av banen. Raudt kort!
På heimebane! Dei krøkar seg opp på Dikkens, og om ikkje sola har runnen så
sit dei fortsatt der og drikk mjød. Skamma seg skulle dei!! Å bli tekne på
fersk gjerning då, det var jo egentleg berre eit spel for galleriet.

Vyrdsam helsing : Hrotgeir Skjeggelarsen

0 comments:

Post a Comment

 
Design by Free WordPress Themes | Bloggerized by Lasantha - Premium Blogger Themes | cheap international calls